Sandvik landbruk AS

Sandvik Landbruk AS vart starta i 1993 av Hans Ølver Sandvik.

Han starta utvikling og produksjon av ein trepunktsmontert beitegjødslar for flytande husdyrgjødsel.

Seinare utvikla han hydraulisk klauvboks for storfe.

I 2022 selde Hans Ølver 90% av aksjane i selskapet, og Olav Terje Rio er no største aksjonær og dagleg leiar i selskapet.

No satsar me i hovudsak på utstyr og redskap til landbruk og skogbruk, inkludert YTO traktor.

Me har spesiell fokus på utstyr til småskala drift.

Ny eigar har dessutan lang erfaring innan innandørsmekanisering av driftsbygningar, og kompetanse på foring av husdyr og spesielt foring av kalv og lam.

Butikken i Omvikedalen skal no byggast om og me satsar på nyopning i løpet av hausten med mykje nye produkt i hyllene.

Det siste nye no er utstyr for birøkt.

Nøl ikkje med å ta kontakt om det er noko du har bruk for i drifta.

Hans Ølver Sandvik er fortsatt med som seljar og butikkmann. Han er å treffe på sin vanlege tlf. 99327051

Olav Terje Rio treffer de på tlf 90828784